Nokre dager er magiske.
I dag er ein slik dag.
Eg skulle litt tidleg på jobb, elles hadde eg nok vore på fjellet enno.
Men i dag er ein magisk dag.
Kvite vidder.
Blå himmel utan spor av skyer.
Sola og løypestikkene er nesten det einast som bryt det kvite og blå der du går.
Nesten vindstille.
Og eg var tidleg ute, så då var det lite folk i løypa.
Snø som smeltar i hjarteform, og varsler om vår.
Tid til å leggje seg ned i snøen og berre nyte, og kjenne at sola steikar, at pusten blir jamn og roleg.
På dagar som i dag kan eg kjenne eg vert fylt av ei intens kjensle av lykke. Og av takksemd. Fordi eg får være, og oppleve, og nyte.
I dag er ein magisk dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
for en fin dag hilde! fine bilde og fin jente!! :) en vakker dag ska ej bli dej på tur der oppe!
ej lika dej og ej lika bloggen din! du e aldeles super, og ej syns d e kjempekjekt å ver frivillig m dej:D
lykke t m oppvasken;)
bli MED dej på tur, sku der selvfølgeli stå;D
ho ho!
Jeg vil også bli som deg Hilde!
Ja!
Bli meg på tur her oppe - eller bli MED meg på tur her oppe alt ettersom :)
Legg inn en kommentar