Den finaste guten
Den finaste guten vi aldri fekk møtt.
Der hjarta stoppa før han vart fødd.
Ti fingre og tær, så perfekte og små.
Men lepper og fjes dei var vorten så blå.
Den finaste guten vi aldri fekk møtt,
Var han som i morslivet lenge låg gøymd,
Som vaks, som trivdes og sparka.
Den finaste guten – Samuel Christian heiter han.
Han drog foran oss til himmelens land.
Og lite vi skjønar, og lite vi forstår.
Men Gud sin kjærleik den aldri forgår.
Den finaste guten vi aldri fekk møtt.
Vi vonar du søv i evighet søtt.
Og saknet er stort og uvissa stor.
Kvifor må vi oppleve slik sorg her på jord?
Den finaste guten vi aldri fekk møtt,
Var han som møtte døden, før han vart fødd.
Sov godt vesle Samuel – vi sørger over deg.
Den finaste guten vi aldri fekk møtt.
Til minne om Samuel Christian Storsæter, døde i morsliv, født 27.12.2010. Begravd 06.01.2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar