Ting som får meg til å smile

tirsdag, oktober 16, 2007

Historien om korleis ordet pullover vart til....

Historien om korleis ordet pullover vart til....

(Fritt fortalt etter Hilde sin fantasi)


Det var eingong ein mann (Per) og ei kone(Anna) som emigrerte til USA. Ikkje kunne dei språket, og ikke kjente dei nokon, men dei var full av pågangsmot, og positive som få.


Jammen fekk dei kjøpt seg ein båtbillett, og kom seg avgårde til USA. Mulighetene sitt land, kor alt var annleis, stort og flott. Og gjekk det vel ikkje så at mannen fekk seg ein jobb og. Naboane der de fekk leige seg eit rom var og eit ektepar fra Norge som skulle ut og prøve lukka i den store verden. Så da hadde dei jammen fått seg venner også.


Da det hadde gått nokre veker, vart det med eit så kaldt der borte i "stæiten" som han Per brukte å sei. Han hadde reist i sommerskjorta, gensaren og jakka vart seld for å få pengar til billetten, og no var det rett ut sagt vorte kaldt! Kven skulle vel trudd det, at det kunne ikkje var sumar og grøne engar heile året borte i "stæiten".

"Du får no gå og sjå om du finn deg ein gensar når du får lønn, Perèn" sa ho Anna til han Per. "Me har ikkje så mykje å rutta med, men du kan jo verta låk, og kem skal vel kunne tjena så me har til salt i grauten då?"

Jau, han syns no det var litt ergerlig han Per. Tenk at han hadde seld den gode ull genseren som mor hans hadde strikka til han, og at han måtte gå avstad og kjøpa seg ein ny ein! I "stæiten"! Men når lønningsdagen kom, tuslet han av garde for å finne seg noko anna enn ho Anna som kunne halde han varm.

Han gjekk inn i ein forretning, og såg seg litt rundt.
"Nei, sjå dar", tenkte han med seg sjøl der han stod.
"Eg trur jammen da e fleire enn oss som har skralt med penga, den gensaren der har no visst ikkje armar". Han funderte litt på det, mens kikket seg rundt i butikken.
"Eg lure meg på om den gensaren e billegare enn dei andre, sidan det ikkje va nåkke arma på den", tenkte Per`en. Han gjekk bort til butikkmannen og spurte.
"Du, ka koste ein sånn dar" sa Per, og peikte.
"Oh you like that one?" sa butikkmannen.
"Hæ?" sa Per`en. Han var langt frå stø i det nye språket, men peikte nok ein gang bort på gensaren utan armar.
"You can try it on" sa butikkmannen, og henta gensaren ned til Per`en.
"Nei, no veit eg rett ikkje kan han meine" sa han Per halvhøgt til seg sjølv.
"Just pull it over your head and try" sa butikkmannen. Perèn såg forvirra på butikkmannen. "Pull it over", sa butikkmannen og peikte på genseren. Per`en såg framleis forvirra bort på butikkmannen.
"P U L L O V E R" sa butikkmannen så tydelig han kunne, og peikte på genseren. Per`en såg framleis forvirra bort på butikkmannen.
"50 cent" sa butikkmannen oppgitt. Dette hadde han no slett ikkje tid til, ein som ikkje var heilt rett i hovudet. Ein utlending i sumarskjorte. Han kunne no vist rettelig trengje noke til å halde han varm. Men ditta forstod han Per, og han var særs nøgd med den gode prisen han fekk. Han slengde myntene i disken, tok genseren på seg, og gjekk heim til ho Anna.


"Neimen Per`en, ka e du for mirakels du har kjøpt deg?" sa ho Anna då han kom heim.
"Ein genser utan armar?"

Perèn skjønte at ho Anna kanskje ikkje var heilt nøgd, ut frå tonefallet ho brukte.
"Neida Anna" sa han Per. "Da e no vel ikkje nokken genser må du vel veta, da e ein Pullover." "Han skal vera sånn".
"Skal han vera sånn?
" sa ho Anna litt spakare i målet.
"Jau, han skal vera sånn. Da e ein PULLOVER, må du forstå" sa han Per`en.
"Jaja, sa ho Anna, da var no ein fin Pullover du hadde kjøpt deg då, Per`en."


Og Anna snakka med nabokona, og sendte brev heim om den nye genseren som Per`en hadde kjøpt i forretninge i "stæiten", som slettes ikkje hadde nokon armar, men som heller ikkje var ein retteleg gensar, men ein PULLOVER.


Og slik fikk vesten uten knappar, eller genseren som ikke har armar, alt ettersom korleis du snur og vrir på det, navnet Pullover langs det ganske lange strilalandet i Noreg.

( fra ordoka på nettet:pullover m2 (eng., av *pull 'trekke' og over 'over') strikket overdel med el. uten ermer, jf slippover)

Ingen kommentarer: