Ting som får meg til å smile

fredag, juni 19, 2009

Ungkarskvinneoppgåva

Eg har i dag fått bachelorgraden min.
Bachelor kan oversetjast med ungkar.
Det vil sei at eg har ein ungkarsgrad.

Stort sett den einaste plassen eg har høyrt ordet bachelor i bruk er ved ein viss tv-serie der ein ung mann skal kapre hjartene til fleire unge kvinner, før han knusar dei eit for eit ved å ikkje tildele dei ei etterlengta rose.
Så vidt eg har fått med meg, har det og vore eit avva tv program som handla om ei dame som gjorde det same.
Dei kalte ho for "bachelorette", direkte oversatt - ungkarskvinne.

Eg trur eg heller vil ha ein grad som heiter ungkarskvinne (altså bachelorette), enn ungkar.

Forøvrig skjønar eg ikkje kva det at eg framleis er singel har å gjere med at eg har levert og forsvart ei oppgåve på universitetet.
(og berre for litt oppklaring, så veit eg sjølvsagt at bachelor graden heiter ein bachelorgrad fordi ein er ein "læregut" på veg til å ta master).
(forresten utrulig kjedelig dersom du ikkje vert master, men forblir singel (les ungkar eler ungkarskvinne) resten av livet)

Og dersom du lurer på korleis det gjekk - kan eg vel røpe at vi fekk toppresultat :)

Her er dei to unkarskvinnene (altså meg og Kjersti) like etter levering av oppgåva:



Me bloggast!

Ingen kommentarer: