......18 desember.......
Dagen i dag har gått fortare enn svint. Eg har gjort eindel ærend, og fiksa litt rundt forbi. Hadde tenkt å ta nokre bildar og leggje ut - då eg for tida (smått om senn, vel og merke)driv på med litt oppgradering i hagen. Men det får komme etterkvart. No er det nemlig for mørkt ute til å ta bildar!
Eg har vore på kino i dag. The Holiday......romlemantisk komedie. Eg likar ikkje å innrømme det, men eg er no ei slik jente som trivest innan den sjangeren. I alle fall innimellom. I dag var det særdeles kjekt. Eg koste meg! Har du lyst på ein småtrivelig filmoppleving, så gjer eg altså filmen ein okei 4-5àr.
Men no får det kanskje være nok småkjadring her i garden. I morgon reiser eg nemlig på Safari til Amboseli saman med 6 andre damer (!). Kan hende eg skal pakke ned nokre sakar tenkjer eg.
Dette betyr altså at eg kanskje får liiiiiitt problem med adventskalendaren den 19 og 20 desember. Men berre vent, eg kjem sterkt tilbake, forhåpentligvis med nokre kjekke bildar av folk og (ville) fe frå Amboseli!!!
På gjensyn!
(og om det er nokon som undrar seg øve at eg plutselig byrja å skrive nynorsk, så har eg eigentleg ingen god forklaring på det. Det var berre så kjekt å skrive litt nynorsk igjen. Lenge sida sist!)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
ååå, da trur æ sannelig min hatt at æ ska sjå den, bærre for å få opp despo-suget igjen. Ska du på safari IGJEN???!!! Spørs om du gidd å bli med mæ og Cathrine da ja..:) I dag har æ kjøpt reiseforsikring!!
Og bestillt vaksine-time!
Dette varma tante sitt hjarta! Fram for nynorsken både i Noreg og i Kenya!
Ivar og eg vurderte same film då me var på førjulskosetur til Bergen. Men me landa på "Babel". Verdt å sjå den også,-ein film som set i ganske lenge etterpå.
Korleis gjekk det med Cola-kakene då?
Var ikkje meininga å vera så anonym......
du??
ekje det mær enn 18. i afrika??
og takk for koselig julekort forresten! ;)
eg like deg...men trur det e 20. idag...ihvertfall i Norge!
..¨å, stemme--du skulle vel vekk ,skullekje du?
om jeg gidder og være med på safari? TULLER du? Det er faktisk litt sånn at det blir kjekkere for hver gang!
Tante: innkjøpet til Cola-kakene gikk bra.....har ikke bakt enda=)
Og Bodillen....beviser dette at du ikke leser teksten på innleggene, men bare ser på bildene? hmmmmm
eg like bilde, skjønne du vel...
Legg inn en kommentar