Ting som får meg til å smile

torsdag, oktober 16, 2008

Hol i taket

Eg har eit hol i taket.

Inntil i natt har det ikkje vore eit hol.
Inntil i natt hang det ein krok i taket, og på kroken hang det ei lampe.

Når klokka var ett i natt vakna eg med eit brak - kroken (og lampa) kræsjlanda i kommoden som stod under - og det kom rennande ein god del vatten. Frå holet i taket. Der som det før hang ein krok og ei lampe.

No har eg eit hol i taket. Det er rett nok ikkje eit stort hol. Men når det kjem nokre kraftige regnbyger (som det gjer i dag), så dryp det vatn ned frå holet, og ner i ein boks som eg har fint plassert oppå ein handduk på kommoden.

Over holet er det eit loft.
Over loftet er det eit tak.
Taket er ikkje heilt tett.

Eg trur Åshild vart litt småsvett då eg fortalde ho ka som hadde skjedd i natt. (Åshild eig leiligheten).

Eg har eit hol i taket.

9 kommentarer:

Hilde sa...

No er det kommen ein kasse på loftet, og bluetack i holet i taket. Og pappaen til Åshild har vore innom og sett.

Eg har framleis eit hol i taket, men no dryp det ikkje frå det lenger :)

Anonym sa...

KA?!?! Har nyheten lekt ut?!?!?!? Lukke....lakke? Kordan bøye man å lekke...? Prøv den som kan....Klem fra ei småsvett, ei...

Anonym sa...

Aiaiai. Kor lenge har det lekket inn på loftet før det ble hull opp der? Eller hetter det lukket? Lækt? Lækket? Jaja, hvis du har fikset med bluetack så er det nok ikke noe mer å tenke på.

Hilde sa...

Bluetack fikser ALT (ånei...) :)

Du skal se ting ordner seg etterhvert, men akkurat nå er det litt fiksing og styring for å finne ut hvor vannet egentlig kommer inn!

ruinene sa...

Skummelt! Hull i taket har alltid vært en marerittaktig tanke...

Hilde sa...

men vi snakker ikke om noe digert hull - bare hullet etter en skrue :)Så det er ikke så veldig skummelt igrunnen.....mer skummelt med fuktig loft!

Anonym sa...

Kanskje betre med eit hol enn ein grevling i taket ?
Eller kan det vera ein grevling som har laga holet ?...

Så nydeleg du er i Afrikakjolen, forresten!

Anonym sa...

den anonyme var tanta di altså...

Hilde sa...

Altså - tror jeg hadde vært særdeles skeptisk dersom det hadde vært en grevling på taket for å si det sånn!

Men nå har de vist funnet hvor vannet kommer fra, og stoppe det, og tørket opp endel på loftet - så det er jo helt konge!